Paris – Je t`aime!
Ikkje sidan interrail i 1990 hadde eg vore på jentetur ut i verda. No skulle det skje att, under dekke av å praktisere siste års tileigna franske gloser; på tur til Paris med Bente og Aileen.
Bente er streng lærar, men heldigvis rund i kantane når det gjeld definisjonen ”franskkurs”.
I følgje henne omfattar definisjonen også den franske kulturen; i praksis mat, vin og det å oppnå kontakt med dei franske innfødde.
Her såg eg mitt snitt til å betre på franskkarakteren min. Vel hadde Veronika eminente (les kvalmande) grammatikk-kunnskapar som sette oss andre heilt i skuggen, og sjølv om eg gjentekne gonger hadde truga ho med at ”neste gong, neste gong skal eg slå deg i diktat” – så fekk eg like mange gonger flashbacken frå skuletida slengt i trynet: Shit! Eg har jo ikkje gjort leksene mine! (og deretter utallige, men ganske plausible (om eg skal seie det sjølv) grunner til kvifor ikkje leksa var gjort). Og ingen høyrte lenger på meg når eg samanstilte det å lære språk utan å kunne grammatikk, som å lage musikk utan å notar. (Kan bli bra, sjekk Bob Dylan!)
Feitt-overdose
However, no hadde eg høvet til å ta innersvingen på det grammatikalske geniet på andre sidan av bukta. Det måtte sjølvsagt skje med ukritisk inntak av pain de chocholat, fyldige camembertostar og konsum av Beaujolais på tider då ein vanlegvis føretrekkjer mjølk. I så måte var Bente imponert, om eg skal seie det sjølv. Vi sparte ikkje på noko, her skulle alle franske delikatesser og feite dessertar utprøvast, og sjølv når Aileen antyda for læraren at no var det kanskje på tide med ein lita pause? Så fekk vi til svar at;
- Høyr her, folkens, vi har berre tre dagar i Paris, her er det berre å køyre på med
franske kulinaritetar! Nådelaus var ho, og eg må seie ho gjekk føre som eit knakande godt eksempel. Sjølv når eg i siste krampetreking etter å ha kome heim att stappa inn på tre skiver med varm, rennande chevre-ost og låg med magesmerter heile søndagen etterpå og beklaga meg til læraren, fekk eg følgjande som kommentar:
- Ein må ha sterk mage for å tåle chevre. Alt tydar på at du må i hardtrening (eg har
meir i kjøleskapet). Dessutan er det heilt naudsynt å blande franske, feite ostar med alkohol. (sitat slutt).
Sko-overdose
Vi imponerte også oss sjølv som fine pariserinner. For det var jo ikkje berre det som kunne konsumerast via munn og spiserør som måtte gjerast grundig – vi hadde alle sterke forestillingar om at i Paris nytta det ikkje å kome dassande i uthola joggesko og allversjakke på alle turistattraksjonane, her måtte ein stolpre seg på brulagde gater på høge heler og med flagrande gevantar.
Eg hadde nemleg lest i reiseguiden at franske kvinner byter ut klekolleksjonen sin kvar sesong, og Bente meinte at ho aldri hadde sett ei pariserdame utan høge heler. Vi skulle ikkje vere nokre utdaterte vikings, nei. Og stupte sutrande til sengs klokka 22 kvar kveld med verkande bein.
For som med maten måtte vi sjølvsagt overdrive. Sjølv hadde eg nyinnkjøpte raude sko med ti centimeter heler, kjøpt i eit anfall av utilregneligheit då motivet eigentleg var å investere i eit par praktiske gåsko. Då Jonna Lise på butikken i forkant av Paristuren proklamerte til min sjølvutnemnde reknskapsjef at eg hadde kjøpt meg nye raude sko, hadde den altfor pliktoppfyllande Aileen følgjande lakoniske kommentar:
- He ho ikkje nok raude sko?
Aileen hadde sjølvsagt fornufta i behald og valsa verdig rundt i olabuksa og joggesko med sølvtrykk. Til ho drog fram raudekåpa og tunikaen sin og gjekk som om ho aldri hadde gått på noko anna enn høghelte støvlettar før, og stilte oss andre i skuggen som grå, skarrande mus.
Eg har jo tidlegare skulda ho for å ha ein ytst fransk og feminin gange. (Sjølvsagt uttalt lettare hånleg på fotballbana. No kom gangen absolutt til sin rett)
Ho på sin side meiner at eg går som ein blanding mellom ein kar og ein tufs.
Francoise-overdose
Bente nekta plent å gå i kjole. Men med smekre olabuksehandballbein og kule støvlettar køyrte ho den lettare rocka stilen, og fekk sin eigen fanklubb i arabargata nedanfor Sacre Cour. No skal ikkje vi andre seie så mykje kanskje, for -, ikkje sei det til mannen min, men eg trur eg fekk minst tre tilbod om giftermål! (Eg er sjølvsagt heilt uskuldig, dette er pågåande, kontinentale jålebukkar som ikkje rekker norske barskingar opp til støvelkanten ein gong, men som likevel er ein hestelengd føre når det gjeld frekk kurtisering).
Det første var frå ein skalla italienar som hadde skreve ti bøker (men som likevel var i Paris for å selje venezianske handlevogner) som kom bort til middagsbordet vårt etter at eg hadde fått servert noko usmakeleg som likna mest på slappe okse-genitalier. (Og som vi i ettertid fann ut at bestod av innvollar)
Vi redda oss sjølvsagt ut av situasjonen på hederleg vis, med sterke formaningar frå Bente om ALDRI driste oss til høfleg konversasjon med italienarar. (Om dei ikkje skulle vere ekstremt søte, sjølvsagt)
Andre gongen var frå ein snill kelnar med hundeauge på kafeen ved Museè d`Orsay og den tredje ein sløv mann i sikkerheitskontrollen på Charles De Gaulle, der eg tynt bad om å få drikke opp den vesle champagneflaska mi for å døyve den verste flyskrekken og no-måtte-jammen-Norge-se-til-å-melde-seg-inn-i-EU-tiraden til Aileen etter at vi ikkje fekk delta på dei sagnomsuste handlegatane på CDG fordi vi ”berre” er frå Schengen-land.
Eg synest derimot det fekk oss inn i ein høgst fordelaktig situasjon: I vår leiting etter tax-freebutikkane fekk vi eksperthjelp av tre unge, uniformerte menn. Dei leda faktisk veg gjennom fleire etasjar og vi kunne ikkje anna enn veksle fornøgde blikk med kvarandre der vi følgde etter, snille som lam på franske heler.
- Eg har faktisk aldri hatt nokon hang til menn i uniformar, sa eg.
- Ikkje eg heller. Men desse har jo reiskapen i orden, poengterte Bente og sikta til
batongane og pistolane som hang i hoftehøgd på politimennene.
- Mmm, skikkeleg velutstyrte, drømte vi vidare og vakna brått til verkelegheita då
namna våre vart ropt opp over høgtalaren for ”final call to Oslo”.
Sukk – det var den turen.
Tips oss hvis dette innlegget er upassende