Eg vert stadig fascinert av alle dei som alltid opplever noko spennande og lærerikt på ferie uansett kvar dei fær. Om dei har ein toåring eller  ein nyfødd med seg, speler inga rolle, ferieturen til Bankok eller padleturen i Glomma skal gå som planlagt, og vert i etterkant alltid beteikna som ein gedigen suksess uten skjer i sjøen..

Irriterande for oss som synest det er greit å ha ungane å skulde på for å sleppe å reise til nye kanter av verda, eller oppdage nye spennande stader i Norge. Som synest det er greit å slappe av på keisamelege, typiske familiestader, medan ting er litt sånn på halv åtte.

 Etter at skulen er i gong att og barnehagen har opna slusene sine, er det lettare å sjå kor fin sommaren har vore.; glade ungar, glade besteforeldre og glade mammaer og pappaer.

 Og ikkje minst; sola har skint. Sola har laga sommarlukt i bleika barnehår, svidd øyrene deira og gjort dei velsignande trøytte til kvelden. Sola har tint opp frosne foreldrekroppar og jaga dei ut i vatnet. Sola har pynta borna med små brune prikkar over nasen og varma opp havet. Og fått jordbæra i kjøkenhagen til å rødme kledeleg, og stokkrosene i Drøsselbjerg til å strekkje hals mot himmelen. Og den einaste bekymringa ein hadde var om ein fann att butikken med dei feite ostane, dei søte morellene, posteiene, pølsene og kirsebærpaiane.

Eg sakna ikkje eit sekund å sjå dei lianekledte ruinane i Taj Mahal eller skriket av ei elgkolle i brunst like ved elvebredda i Glomma.

Gløymt er endelause motorveger og tørste born, gløymt er smelta krone-is mellom lubne barnelår og bilsete. Gløymt er ungar som sprang i kvar sin retning på ferja medan foreldra sto i kø på tax-free`en.  Gløymt er punktering og born som aldri vil sovne til kvelden, gløymt er sanda som låg som lim i hårbotn og rumpesprekker og som la seg som eit fint dryss over stovegolvet. Gløymt er dagane med vingummi til frukost for ungane medan foreldra låg og dro seg til lenge etter Sommermorgen.

. Og eg veit no at det var perfekt. Perfekt fordi perfekte ting aldri varer – og perfekt fordi nye tider skal kome. Tider med regntunge kvelder med brettspel og stearinlys og strikking og varm sjokolade og gode filmar.

God haust!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende