Kampreferat Gjerdsvika – Vingle

- Har dykk eit bind til meg? Spurte eg Aileen og Rita då vi møttest til ”oppvarming” før kampen mot Volda sist fredag.
- Berre det eg har på meg, svarte Aileen, og Rita konkluderte med at det ho hadde sat godt fast på unevnelege stader.
Dei seier jo at kvinner som lever tett i lag menstruerar likt, men for oss som knapt nok har ei trening mellom kampane, skulle ein tru syklusane våre greide å halde seg nokon lunde sjølvstendige. Men etter kvart som vi grov djupare i dette, fann vi ut at heile fem av sju spelarar hadde veka si. (..sjølvsagt svært interessante opplysningar for allmennheita..)
Veronika sette stor pris på utlevering av slike detaljar, og meinte slikt er informasjon som bidreg til samhald mellom kvinner. Likevel var det ikkje dette saklege fakta som bidrog til at kampen mot Vingle arta seg til å bli blodigare enn dei fleste.
Det begynte med at ei flokse frå austlandet ein stad skreik ut det forferdelege H-ordet etter å ha blitt felt på ukristeleg vis. Sjølv om ho godt veit at slike utbrot  ikkje vert sett på med blide auge, og trass alt har fått gult kort for blasfemi av same grunn før, var det som om fleire vekers opplagra bannetrong utkrystalliserte seg i ein svært så kjensleladd tolking av avgrunnen.
Og kanskje nettopp fordi det låg så mykje kjensler bak dette utbrotet, rakna det fullstendig for jentene frå Vingle.
- Ærleg talt, slike fellingar gjer dokke heile tida, sa motstandaren veslevakse og såg på bannaren med strenge auge. Denne sette opp ein kombinasjon av eit uforståande og uskuldig Moi?-ansikt, men haldt klokeleg stille. Og forsvarte seg i sitt stille sinn med at ein trass alt må få kome med spontane smertehyl når ein vert felt bakfra.
Og halta litt ekstra slik at alle kunne sjå at det faktisk hadde vore ein stygg felling og høgst betimeleg med eit H-ord.
No låg Gjerdsvika under med tre mål, men det var som om dei verbale angrepa frå småjentene, som kom med tydelege hint om at vi som vaksne kvinnfolk med ungar og alt ikkje burde spele med livet som innsats, gav Gjerdsvikdamene ny energi. Og på berre ti minutt dundra dei inn mål på mål slik at stillinga eit halvt minutt før kampslutt vart 6-6.
Då viste vaksne kvinner ansvar, og på eit innkast frå eigen banehalvdel kasta Tanja til spelar nummer fem som heada ballen vidare til Aileen som låg som ein svolten hoedderkopp framfor nettet til Vinglene og dundra inn sigersmålet.
Roger bles av kampen etter eminent innsats som dommar, og trass i kampens heite (i mange fortsåingar av ordet) takka alle spelarane kvarandre pent for kampen.
- Eg må få lov til å seie i mot når dei seier slikt som at vi som vaksne kvinner må oppføre oss, når dei er så stygge mot oss, sa Aileen med bedande auge og blodig kne mot lagkameratane som sto med armane i kors og evaluerte kampen.
- Haldningane til Vingle gjenspeglar eit grunnleggande syn på kvinner! Utbasunerte bannaren som såg sitt snitt til å bruke alle moglege og umoglege argument, også feministiske, for å reinvaske seg for stygge utrop og eventuelle rå bakangrep.
- Åh? Korleis då? Svarte Veronika raskt, og nummer 5 vart høgst overraska over at lagvenninna, som ho trudde hadde meir blodfarga lester enn dei fleste, ikkje snarast var med på argumentet. Men når ho tok Veronika i nærare augesyn, såg ho jo at ho trass alt ikkje var noko meir raudstrømpe enn andre der ho sto prøvebrudepynta med nye striper i håret og finsminka i det snart bryllaupsklare ansiktet. 

Dundrande siger mot Bråram

Vi kan ikkje akkurat seie at vi hadde lyst til å spele kamp når vi såg den sølete grusbana til Bråram. Hege bad Rita om å godsnakke med ferjemannen slik at ferja venta på dei til kampen var ferdig. Sjølv var ho utan sminke, og difor ikkje kapabel til å oppnå godvilje hos ferjemenn, meinte ho. (Ho kunne jo sjølvsagt flashe boobsa att, men desse var godt innpakka i stødige sports-BH`ar, og stuntet ville nok difor verke mot si hensikt).
Kampen starta pent og pynteleg, men da gjerdsvikdamene tok leiinga med 2-1, såg jentene på fastlandet ut til å miste grepet.
Gjerdsvikdamene veik ikkje ei tomme, og i følgje objektive fotballekspertar som såg kampen, fekk damene frå Gjerdsvika skryt for å vere både sterke i kroppen, tekniske og ha stor fotballforståing. Sjølvsagt saug vi til oss desse komplimenta, og sjølv om spelar nummer fem oppdaga at ho har ein ytst feminin og frøkenaktig knekk på lillefingeren når ho speler, og nærast hylte ”GIIID” når ho rulla rundt i søla, viste laget iskald sigersvilje dei siste, avgjerande minutta.
Åram hadde med eitt teke leiinga då Rita kaldt og roleg plasserte ballen til side for Åram sin keeper. Aileen og Hege viste seg frå si beste side og hadde fleire eminente samspel med uhyre intelligente løysingar frå eigen banehalvdel – til nydelege avslutningar framfor mål.
Kampen enda tilslutt 7-4, og med lette steg og knekk på lillefingre sprang dei snille frøknene om bord i ferja som så elskverdig låg og venta på dei.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende